Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Samtidslyrikk i klasserommet
Forfattere:
ISBN:
9788245022483
Utgitt:
Utgave:
1
Samtidslyrikk i klasserommet

Samtidslyrikk i klasserommet

Hovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt.  Her er samtidslyrikken utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær kvalitet.

Boka inneheld presentasjonar av nokre forfattarar og lesingar av utvalde dikt. I tillegg får lesaren vere med på nokre funderingar over spørsmål ein truleg berre møter i lyrikken: Kan ein måle universet med teskei? Kva slags bruer kan vekse ut i verdsrommet? Korleis lyser epla på trea? Korleis hindrar skulen skogen? 

Samtidslyrikk i klasserommet er eit forsvar for poesien og skjønnlitteraturens vedunderkraft, for den langsame tenkinga og danninga. Boka er samstundes eit forsvar for ei systematisk og eksplisitt norskfagleg lese- og skriveopplæring, og for den nytteverdien ei slik lese- og skriveopplæring har for andre fagfelt og yrke.

Kjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole og rådgjevar ved Skrivesenteret. Ho har mastergrad i litteraturvitskap frå NTNU (2006). Solbu har vore dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning, tidsskriftsredaktør for Ratatosk og medredaktør for boka Søsken (Samlaget 2011).

Jon Opedal Hove har arbeidd som norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole sidan 2008. Han har mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2007). Hove har vore med i redaksjonen i litteraturtidsskriftet Prosopopeia og publisert bokmeldingar i tidsskriftet Norsklæraren.