Bøker
Forfattere
Emner
Artikler
Verk
Ingen treff
Reiseliv og språk 2
Forfattere:
ISBN:
9788245010053
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
234
Vekt:
444 gr
Digital ressurs
Reiseliv og språk 2

Reiseliv og språk 2

Reiseliv og språk er eit spennande fagområde i så mange samanhengar. Reiseliv og språk 2 byggjer på Reiseliv og språk 1 og tek først og fremst for seg kulturelle og språklege erfaringar som er knytte til ulike geografiske område, med vekt på interkulturell forståing, reiselitteratur, formidling og ulike reisefaglege emne.

Boka følgjer i all hovudsak den strukturen læreplanen i faget legg opp til. Når det gjeld formidling, legg forfattarane særleg vekt på reiselivsjournalistikk. Slik får du ikkje berre brukt framandspråka dine, men også morsmålet – til å reflektere, tolke og formidle eigne inntrykk og reiseopplevingar.

Kyrre Romuld har yrkesbakgrunn frå mellom anna reiseliv, forsking, bank og offentleg forvaltning. Han er lektor med mastergrad i samfunnsfag.

Siv Sandøy har det meste av yrkesbakgrunnen sin frå Braathens og SAS. Ho er lektor med mastergrad i reiselivsfag.

Anne Løschbrandt har fleire års praksis frå reisearrangør- og reisebyråverksemd og som frilans reiselivskonsulent både i Noreg og utlandet. Ho har i mange år undervist i reiselivsfag.

Hilde Kvamsås Aa arbeider som lektor i den vidaregåande skolen, der ho underviser i medie- og informasjonskunnskap og historie.