Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Ordriket Lese- og skrivebok 1
Forfattere:
ISBN:
9788211026095
Utgitt:
Utgave:
1
Ordriket Lese- og skrivebok 1

Ordriket Lese- og skrivebok 1
Norsk for barnetrinnet

Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med
dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede.
Lese- og skrivebok 1
Lese- og skrivebok 1 er ei arbeidsbok som gir elevane meir trening i lesing
og skriving. Ho kan brukast parallelt med Bokstavboka eller etter at alle
bokstavane er gjennomgått. Ho kan òg brukast heilt uavhengig av dei
andre bøkene på 1. trinn.
Lese- og skriveboka har 10 kapittel. De sju første kapitla korresponderer
med bokstavgruppene i Lesebøkene og Bokstavboka. Dei tre siste kapitla
står til avslutninga av jakta på bokstavtjuven i Lesebok 1B.
I kvart kapittel blir fleire ferdigheiter øvde inn. Først og fremst gir boka
trening i lesing og skriving. Boka inneheld tekstar i ulike sjangrar og med
varierande vanskegrad. Desse tekstane dannar også eit fint utgangspunkt
for skrivinga til elevane. I tillegg repeterer kvart kapittel bokstavane i den
aktuelle bokstavgruppa og gir trening i språk og omgrep.
Ordriket 1. trinn:
- Lesebok 1A og 1B
- Bokstavbok 1
- Lese- og skrivebok 1
- Kopisamling 1
- Lærarrettleiing 1
- Digitale bøker og nettressurs på ordriket.no