Bøker
Forfattere
Verk
Ingen treff
Multimodalitet i skole- og fritidstekstar
Språk
Flerspråklig
Format

Heftet

Bestill vurderingseksemplar
For lærere, fagansvarlige og forelesere
På lager - sendes nå
519,-

Multimodalitet i skole- og fritidstekstar

Vi møter samansette tekster overalt, både i skolen og på fritida. Kunnskap om multimodalitet er blitt nødvendig for kommunikasjonskompetansen til ung og vaksen.

Målet med denne boka er å presentere ny forsking på eit felt der utviklinga går fort. Forfattarane tek for seg multimodalitet i ulike tekstar, som læreverk, film, musikkvideo, dataspel og teikneseriar, og drøfter mellom anna:

- Korleis arbeider barn med nettbrett?
- På kva måte kan programvare påverke kommunikasjonen?
- Korleis brukar lesarane sansane når dei les?
- Korleis blir det undervist i multimodalitet i nordiske klasserom? Finn emnet veg inn det viktigaste faget i skolen?
- Greier vi å gjere elevane til aktive multimodale produsentar som nyttar eit breitt spekter av semiotiske ressursar?
- Skil dei nye digitale læremidla seg eigentleg frå tradisjonelle lærebøker på papir?
- Kan dataspel bidra til å utvikle ein kreativ literacy-praksis?

Antologien syner fram breidda i ulike multimodale framstillingsmåtar og speglar korleis multimodale tekstar nyttar ulike uttrykk for å kommunisere mest mogleg effektivt med lesarane. Boka er relevant for lærarar, studentar og forskarar som arbeider med desse temaa.

Forfattere:
(red.)
(red.)
ISBN:
9788245022889
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
249
Multimodalitet i skole- og fritidstekstar